Blikkenslager
Me utfører bygghåndverksfag med tak- og beslagarbeid, taktekkingar og pipebeslag. Fasadearbeid med måltaking, tilvirkning og montering av takrenner, beslag og platefasader er også ein viktig del av arbeidet vårt.
Faget omfattar tre hovudarbeidsområde: Tak, fasade og ventilasjon
Renner
Takrennesystem
Me leverer aluminium og aluzink takrennesystem i mange fargar, som du kan kombinere som du vil.
Dette er eit kvalitetssystem som er haldbart, felksibelt og enkelt å montera. Systemet er utvikla av fagfolk for fagfolk. Slitestyrken sikrar at det tåler dei mest utsatte og værharde forhold i tiår etter tiår - uten å rusta eller få lekkasje.
Båndtekking
Å båndtekke taket kan vera eit fornuftig val.
Nye miljøvenlege fargebelegningar saman med klassisk kobbar og spennande aluzinklegering har sett platene i fokus som eit interessant takmateriale. Materialet vert kalla plater, teknikken heiter båndtekking og moglegheitane er ubegrensa.
Dei mest vanlege materiala å båndtekke med er kobber, sink, aluminium og belagt stål.
Beslag
Beslag - for det perfekte sluttprodukt
Me fører eit bredt sortiment av profilar og beslag. Det fører til at sluttproduktet vert funksjonelt og fint.
Profilane er lettmontert, haldbart og fins i mange ulike fargar. Du kan og velja mellom standard eller spesialbeslag.
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media